Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.10.1916 blir Østlandsk Reisning skipa på Jessheim med Eivind Berggrav-Jensen som første formannen. På det meste har organisasjonen 10 000 medlemmer. Organisasjonen går over i Østlandsk Ungdomsfylking i 1926 og går ut or soga seks år seinare.

8.10.1920 godkjenner Kyrkjedepartementet ein ny liturgi for kyrkja, utforma av Bernt A. Støylen (sjå 30.3.1916).

8.10. godkjenner Kyrkjedepartementet den reviderte utgåva av Landstads salmebok frå 1869 (sjå 16.2.1869). Boka inneheld no 709 salmar på riksmål og 155 på landsmål. Utvalet vekkjer sterke reaksjonar, og ein komité med skiftande leiarar arbeider med saka i fleire år (sjå 15.2.1924).

8.10.1926 blir Østlandsk Reisning omskipa til den meir språknøytrale Østlandsk Ungdomsfylking.

8.10.1976 blir Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret skipa.

8.10.2018 legg regjeringa Solberg fram forslag til statsbudsjett 2019. I tillegg til 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret føreslår regjeringa også å løyve 6,0 millionar til vedlikehald av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, og 2,0 millionar til digitalisering av Norsk Ordbok (sjå 9.3.2016). Familie- og kulturkomiteen i Stortinget sluttar seg samrøystes til forslaget i si budsjettinnstilling 6.12.

 

All verdas språk

8. oktober 1840 kunngjer kong Kamehameha III ei grunnlov for Hawaii på hawaiisk.

Fire år tidlegare har den første avisa på hawaiisk kome ut, og 10 mai 1839 ligg Bibelen føre på dette språket, som er under press frå engelsk. Etter at kongen blir kasta i 1893 og Hawaii får president, forbyd den provisoriske regjeringa i prinsippet hawaiisk. Den 8. juni 1896 fastset den nye presidenten at «The English Language shall be the medium and basis of instruction in all public and private schools».

Avisa Ka Hae Hawaii, 5. mars 1856. Kjelde: Bishop Museum Library.

Avisa Ka Hae Hawaii, 5. mars 1856. Kjelde: Bishop Museum Library.

To år seinare blir Hawaii annektert av USA, og 21. august 1959 blir Hawaii den 50. delstaten i USA. I ei ny grunnlov frå 1978 blir engelsk og hawaiisk jamstilte språk, men hawaiisk er no brukt av så få at det er eit truga språk.  Om lag eitt tusen person har i dag Hawaiiansk som førstespråk.

Sist oppdatert: 22.02.2019