Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.10.1858 gir Aasmund Olavsson Vinje ut første nummeret av Dølen. Nummeret er datert søndag 10.10. Siste nummeret kjem ut 24.7.1870. Med dette bladet set Aasmund Olavsson Vinje ein ny og høg standard for norsk journalistikk og nynorsk sakprosa.

9.10.2002 hevdar redaksjonen i Rikets tilstand i TV2 at Norsk Målungdom i lengre tid har juksa med medlemstala for å få utbetalt offentleg støtte. Dagen etter opplyser Økokrim at dei vil etterforske saka. 11.10. søkjer leiar i Noregs Mållag, Vidar Lund, permisjon etter skuldingane som er retta særleg mot han (sjå 17.12.2003 og 27.8.2004).

9.10.2003 kan den Linux-baserte gratisprogrampakken OpenOffice.org 1.1 lastast ned frå Internett i både nynorsk- og bokmålsversjon. Nynorskversjonen er utvikla med midlar frå Akershus, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fylkeskommunar. Knut Yrvin har leia prosjektet OpenOffice.org på norsk, og Gaute Hvoslef Kvalnes har omsett programmet til nynorsk.

All verdas språk

9. oktober 1825 legg hardangerjakta «Restaurationen» til land i New York med kaptein Lars Larsen Geilane og 51 andre norske innvandrarar om bord. Dei har reist frå Stavanger 4. juli. I New York blir dei møtte av Cleng Peerson frå Tysvær, som fire år før har reist over for å undersøkje vilkåra for norsk innvandring.

Med tida utvandrar om lag 900 000 nordmenn til USA. Av europeiske land har berre Irland fleire utvandrarar til USA rekna i prosent av folketalet. Dei norske innvandrarane blir ein stor språkkoloni, særleg i Midt-Vesten – berre mellom 1900 og 1914 emigrerer 215 895 nordmenn.

Decorah-Posten, 1.5.1897. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne.

Decorah-Posten, 1.5.1897. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne. Trykk på biletet for å sjå avisa i større storleik.

I 1901 er Decorah-Posten den nest største avisa på norsk. Det norske emigrantmiljøet gjer som emigrantar ofte gjer. Dei held fast ved tradisjonar slik dei var då dei reiste heimanfrå. Til USA emigrerer dei fleste nordmennene før nynorsken har fått fotfeste. Av om lag 400 norskspråklege publikasjonar i dette miljøet er såleis berre to på nynorsk. 

Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne.

Decorah-Posten, 25.5.1917. Kjelde: Norsk Utvandrermuseum. Med løyve for Allkunne. Trykk på biletet for å sjå avisa i større storleik.

Sist oppdatert: 09.10.2019