Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.9.1816 tek Jakob Rosted opp språkspørsmålet i innbydingsskriftet En kort Udsigt over det norske Sprog med hensyn til de Forandringer, som det Tid efter anden har undergaaet, tilligemed sammes Aarsager. Her slår han fast at der ”gives i det norske Sprog, som i alle cultiverede Nationers, et Skriftsprog og et Almuesprog,” og at det er heilt normalt at desse ”betydeligen … afvige fra hinanden”.

1.9.1884 legg Venstre fram det første valprogrammet for eit norsk parti. Mange har arbeidd for at målsaka skal omtalast i programmet, men i staden blir dette punktet teke med i eit seinare arbeidsprogram.

1.9.1898 opnar Den Norske Marknaden i Tivoli-komplekset i Kristiania under leiing av Julius Werner, Halvdan Koht, Kaja Bruun, Hulda Garborg, Magnus Hydle og Otto Valstad, i regi av Målkassa. Dei held det gåande i 18 dagar med denne første store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Overskotet på 20 450 kr (godt og vel 1,1 mill. kr i dagens verdi) blir mellom anna brukt til å skipe Bondeungdomslaget i Oslo, Det norske Spellaget og å drive Norsk Maalkontor frå 1900. Med dette får målrørsla for første gong eit sekretariat.

1.9.1910 opnar Voss gymnas eit toårig gymnsastilbod for 13 elevar på real- og latinlinje, med A. Bjerk-Amundsen som første skulestyrar. Dette er det første (private) landsgymnaset i landet. Etter forarbeid frå Studentmållaget i Oslo set Olav Riste og Fredrik Voss i gang eit privat gymnas for landsungdom i Volda same hausten.

1.9.1919 kjem første nummeret av Agder Tidend ut i Kristiansand med Ivar Høvik som redaktør. Siste nummeret kjem 7.11.1963. 

1.9.1921 opnar Den norske millomskulen med 25 elevar i Bergen og med Anders Thuen Seim som styrar. Grunnlaget er eit initiativ frå Vestlandske Mållag i 1919. Skulen blir driven med nynorsk som administrasjonsspråk. I 1950 tok Hordaland fylkeskommune over det som no fekk namnet Hordaland fylkeskommunale gymnas.

 1.9.1924 går det ut skriv frå statsråd Ivar Tveiten til dei tilsette i Kyrkjedepartementet om at dei som skriv på landsmål til departementet, også skal få svar på landsmål. Fleire departement følgjer etter (sjå 29.7.1921).

1.9.1925 kjem første nummeret av Vossingen ut på Voss med Th. Bernhoft-Osa som redaktør. Siste nummeret kjem 27.3.1929.

1.9.1956 tenner samnorskmotstandarar bokbål i Fredrikstad for å utrydde samnorsken.

1.9.1971 blir Telemark distriktshøgskule i Bø opna.

1.9.2009 kårar Kommunal- og regionaldepartementet Stord til Årets nynorskkommune 2009 (sjå 4.7.2009). Det er første året denne prisen blir delt ut. 11 kommunar søkte, og kommunane Fjell og Stord blei nominerte.

1.9.1960 tek Ole Øverland Gjerde til som bibelomsetjar i Det norske Bibelselskap. Han arbeider med omsetjing av Det gamle testamentet, utgitt som del av Bibelen i 1978 (sjå 19211938).

Les meir om om bibelomsetjing

All verdas språk

1. september 1327 kunngjer erkebiskop Eiliv Arnasson i Bergen at lover «skal framførast på norrønt og etterpå skrivast på tavler som blir sette opp ved kvar bispestol og ved dei større kyrkjene på bygdene, slik at kvar den som vil, sjølv kan lese eller skrive av».

Urnordisk var språket då runebokstavane blei skriftsystemet i Noreg frå om lag 200 e.Kr. Dei neste 500 åra endra språket seg til norrønt. Då kongemakta tok den katolske kyrkja til landet kring år 1000, innførte dei ein bokreligion og eit nytt skriftspråk: latin. Frå no av var Noreg eit fleirspråkleg land. Norrønt og latin blei nytta i ulike samanhengar, gjerne rista i runer til kvardags eller skrive med latinske bokstavar til kunst, helg og makt.

Kunngjeringa i 1327 vitnar om at situasjonen var spent mellom geistlege og verdslege makthavarar. Biskopane ville at folk skulle forstå dei lovene som blei kunngjorde for dei. Utover i seinmellomalderen blir det viktigare og vanlegare å skriftfeste avtalar og andre gjeremål.

Etter kvart vinn dansk fram som det dominerande skriftspråket i Noreg, særleg etter reformasjonen i 1536.

Sist oppdatert: 29.07.2019