Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

10.9.1889 blir forfattaren Sigrun Vestrum Okkenhaug fødd i Levanger.

10.9.1899 blir journalist Oddrun Kårstad fødd i Volda.

10.9.1924 blir historikar Jostein Fet fødd i Sykkylven.

10.9.1929 blir litteraturforskar og omsetjar Magnus Ulleland fødd i Florø.

10.9.2012 kunngjer olje- og energiminister Ola Borten Moe at Gaupne-feltet i Nordsjøen skal døypast om til Ivar Aasen-feltet. Det norske oljeselskap eig 30 % av feltet og skal vere drivarselskapet.

10.9.2015 er det Noregs-premiere for den estiske spelefilmen Der vindane møtes regissert av Martti Helde med undertekstar på nynorsk. Importør er Fidalgo.

All verdas språk

10. september 1924 blir litteraturvitaren, språkforskaren og kulturhistorikaren Jostein Fet fødd i Sykkylven.

Etter hovudfag ved Universitetet i Oslo og nokre år ved Telemark landsgymnas i Bø blir han i 1958 tilsett ved Volda lærarhøgskule, seinare Høgskulen i Volda. Her skriv han frå 1980-åra ei rekkje studiar som skiplar etablert kunnskap om lese- og skrivekunne i Noreg. Med verk som Skrivande bønder (1995) og Lesande bønder (2003) dokumenterer Fet at lesekunna blant nordmenn var mykje meir utbreidd alt på 1700-talet enn det ein til då har rekna med. Obligatorisk konfirmasjon blei i Danmark-Noreg innført i 1736, og med det sette styresmaktene for første gong ein minimumsstandard for lesekunne.

Foto: Kjetil Tandstad/ Samlaget

Foto: Kjetil Tandstad/ Samlaget

Kring midten av 1700-talet skulle prestane gjere opp status over innbyggjartal, moral og kunnskapar i prestegjelda sine. Desse såkalla sjeleregistera syner at alt før den obligatoriske allmennskulen frå 1740-åra kunne truleg så mykje som 80–90 prosent av alle i Noreg lese. Det var situasjonen på Haram på Sunnmøre, langt på veg også i nokre prestegjeld i Vestfold, på Romerike, på Hedemarken og i Nord-Gudbrandsdalen. Liknande dokument frå Sverige tyder på at lesekunnskapen var om lag den same i dei to landa.

Jostein Fet fann i si tid 14 200 bøker i meir enn 16 000 skifte på Nord-Vestlandet og i Telemark mellom 1690 og 1839. Bøker var noko som fanst i mange heimar, og på Sunnmøre blei boktalet i skifte tidobla frå 1700 til 1770. Både i Haram på Sunnmøre og i Jostedalen i Sogn var det bøker i så godt som alle heimar kring 1750.
Denne bokmengda hang saman med økonomiske konjunkturar. I gode tider sette sunnmøringen gjerne pengar i bøker, og Jostein Fet skriv at «der oppstod miljø med ein særskild litterær kultur som ofte kunne stå i uventa kontrast til økonomiske kår».

Sist oppdatert: 11.09.2017