Nynorsk kulturhistorie
11.9.1975 seier journalistane Andreas Hompland og Erling Ramnefjell i Dagbladet til Norsk Tidend at dei gjerne vil skrive meir nynorsk i avisa. «Eg har aldri forstått det slik at journalistar i avisa vår har ynskt å nytte meir nynorsk», svarar redaktør Arve Solstad (sjå 21.10.2005).
11.9.1994 debuterer Åsmund Bjørnstad med diktsamlinga Innlandskap på Det Norske Samlaget.
11.9.1997 avslår for første gong Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet v/statsråd Reidar Sandal søknader om dispensasjon frå lovkravet om at lærebøkene skal kome ut i begge målformene.
11.9.2013 godkjenner Ulvik heradsstyre ein avtale som inneber at Nynorsk kultursentrum frå 1.1.2014 tek over ansvaret for Ulvik poesifestival. Denne festivalen har vore arrangert av Ulvik herad annakvart år sidan 2000 og blir no knytt til Olav H. Hauge-senteret.
11.9.2019 blir Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Miljøpartiet Dei grøne, Raudt og Venstre samde om ein fleirtalskoalisjon i nye Ålesund kommune etter lokalvalet 9.9. Frå 1. januar 2020 går Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy saman i den nye storkommunen. Fleirtalet står fast ved ein intensjonsavtale frå 2017 som inneber at Ålesund kommune krev nynorsk frå staten og sjølv skal ha nynorsk som administrasjonsspråk (sjå 12.12.2019).
All verdas språk
11. september 2003 legg ei arbeidsgruppe under leiing av Jørn Lund i Danmark fram rapporten Sprog på spil – et udspil til en dansk sprogpolitik. Same dagen skriv han i ein kronikk i Politiken:
”Sprogets udvikling lader sig ikke styre direkte gennem lovgivningsinitiativer; sprog tales og skrives af mennesker, der i almindelighed befinder sig uden for de officielle regelsystemers rækkevidde.”