Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.9.1929 fullfører Torleiv Hannaas arbeidet med «Plan for ei nynorsk ordbok». Det skal bli «ei vitskapleg ordbok yver heile det nynorske målet» på inntil tre band og til saman om lag 3000 sider. Med ei nemnd på tre personar meiner han arbeidet kan gjerast på ti år med ein samla kostnad på 100 000 kroner. Arbeidsplanen blir grunnlaget for søknad frå Det Norske Samlaget om statlege midlar til arbeidet.

12.9.1990 seier leiaren i kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget, Theo Koritzinsky, til Nationen at han er skuffa over Ivar Aasen-museet på Sunnmøre. Det er utan faste opningstider, er vanskeleg å finne og seier «altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur» (sjå 17.7.1990).

12.9.1996 presenterer Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda første nummeret i serien ”Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet”: Det norske Folkesprogs Grammatik av Ivar Aasen, ny utgåve ved Terje Aarset.

12.9.2006 opnar Nynorsk kultursentrum den nye nettstaden www.tunkatten.no med tilbod særleg for barn i alderen 6–12 år.

 

All verdas språk

12. september 1296 blir grensa mellom Spania og Portugal fastlagd gjennom Alcañices-avtalen mellom den portugisiske kong Dionysius og den spanske kong Ferdinand IV.

Grenselinja har vore lite endra seinare. Grensa mellom dei to statane etablerer eit språkleg skilje som får store følgjer. Frå 711 til 716 erobrar muslimar, kalla maurarar, Pyrenéhalvøya og Maghreb i Nord-Afrika. Alt i 718 kjem reaksjonen. Då tek La Reconquista til, der kristne tek attende territoriet. Maurarane blir trengde sørover og austover langs kysten til dei i 1249 er ute av det området som no er Portugal. Dette området er ein eigen stat frå 1139 og blir anerkjend av Spania fire år seinare. I Spania fell Granada som siste mauriske skanse 2. januar 1492. Seinare same året går dei første spanjolane i land i Amerika.


I desse hundreåra er Pyrenéhalvøya mest truleg tospråkleg, men etter 1492 kjem ei systematisk avgrensing mot arabisk. I 1501 blir det stort sett forbode å eige arabiske bøker, året etter får maurarane valet mellom å emigrere eller konvertere til kristendomen, frå 1511 er ingen kontraktar på arabisk gyldige lenger, og frå 1566 må alle maurarar berre tale spansk, ikkje arabisk.

Spansk skal ha om lag 4000 lånord frå arabisk, som azul, ‘blå’ og almirante, ‘admiral’. 
Sist oppdatert: 18.02.2019