Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

13.9.1951 kjem første nummeret av Grenda ut i Rosendal med Olav Aurvoll som redaktør.
 
13.9.2007 vedtek styret i Språkrådet samrøystes å setje i gang eit arbeid for å utforme ei ”tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer” for nynorsk. Arbeidet skal vere avslutta våren 2009. I brev 13.11. bed Kultur- og kyrkjedepartementet Språkrådet vente til ei stortingsmelding om språk er handsama i Stortinget. Styret vedtek 22.11. å halde fram med arbeidet, men i møte 15.2.2008 vedtek styret å utsetje saka til Stortinget har handsama meldinga.
 
13.9.2008 offentleggjer Utdanningsdirektoratet ein rapport som viser at vidaregåande skular i 13 av 19 fylke ikkje har fått nynorske lærebøker i rett tid. Fylkeskommunane har i stor grad kjøpt inn læremiddel som ikkje er tilgjengelege i begge målformer, men dette er i strid med opplæringslova.
 
 

All verdas språk

 

13. september 1592 døyr den franske statsmannen og forfattaren Michel de Montaigne, 59 år gamal. Det viktigaste han gjorde, tok til i 1571.
(Artikkelen held fram under biletkarusellen.)
galleri
På 38-årsdagen 28. februar 1571 trekkjer han seg frå alle offentlege verv og blir med sine 3500 bøker verande i slottet Château de Montaigne i Périgord, Bordeaux. Der skriv han nokon ingen har gjort før, like til han i 1580 går ut i verda att. Dagen etter signerer han forordet til eit bokverk med ein tittel som for ettertida også blir nemninga for den sjangeren Montaigne har skapt: Essais.
Verket kjem ut i to delar, kalla bøker, i Bordeaux i 1580. Ei ny utgåve i 1588 inneheld også ei tredje bok. Med sitt nye eg-perspektiv blir dette eit språkleg og kulturelt paradigmeskifte i den vestlege verda.
Sist oppdatert: 20.08.2014