Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.9.1942 blir sosialøkonomen Oddvar Haugland fødd. Han var styreleiar i Nynorsk kultursentrum i perioden 2006–2010.

14.9.2017 blir bymisjonsprest Kari Veiteberg vald til ny biskop i Oslo bispedømme med 11 av 15 stemmer under møtet i Kyrkjerådet. For første gong er det like mange kvinner og menn mellom biskopane.

All verdas språk

14. september 1890 publiserer det italienske magasinet Il Secolo Illustrato della Domenica «Per passare il tempo» (Tidsfordriv) av Giuseppe Airoldi. Dette er det aller første kryssordet, på 4 x 4 felt, utan svarte felt.

Til USA kjem den nye bokstavgåteleiken 21. desember 1913. Då prentar søndagsavisa New York World det dei kallar «Word-cross», laga av den engelske journalisten Arthur Wynne, også det utan svarte felt. Orda blir seinare bytte om til «Crossword». Nokre år seinare er det blitt ein farsott, og det dannar seg ulike grunnmønster.

Kryssord frå The Guardian, Storbritannia. Foto: Dan Taylor, flickr.com CC BY 2.0

Kryssord frå The Guardian, Storbritannia. Foto: Dan Taylor, Flickr.com CC BY 2.0.

Amerikanske kryssord har få svarte felt, engelske har mange, og i japanske kryssord skal gjerne ikkje to svarte felt stå kant-i-kant og aldri som hjørnefelt. I kryssord på språk som fransk, spansk, italiensk, rumensk og russisk ser ein bort frå diakritiske teikn, til skilnad frå kryssord på serbisk, slovakisk og ungarsk.

Sist oppdatert: 16.07.2018