Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.9.1907 blir det i Slottskapellet for første gong halde nynorsk gudsteneste. Kong Haakon har vist stor velvilje, og ordninga blir fast.

15.9.1919 opnar Norsk Pressekontor i Oslo med Daniel Helset som styrar. Bak dette tiltaket står Norskt Bladmannalag i samarbeid med Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Kontoret endrar i 1928 namn til Norsk Bladkontor. Helset held det iallfall gåande til 1958.

15.9.1933 kjem første nummeret av Sunnfjord Tidend ut i Førde med Nils Flom som redaktør. Siste nummeret kjem 12.3.1935.

15.9.1996 legg statsråd Åse Kleveland ned grunnsteinen til nybygget i Ivar Aasen-tunet på Aasen-stemnet under Dei nynorske festspela (sjå 17.11.2005).

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

15.9.2006 legg Nynorsk Forum fram dokumentet Politikk for nynorsk som eit felles innspel til Kultur- og kyrkjedepartementet i arbeidet med ei stortingsmelding om språk. Det er første gongen nynorskmiljøet har samla seg om ei så omfattande politisk plattform.

15.9.2009 tek Guro Ljone til i stillinga som forprosjektleiar i Olav H. Hauge-stiftinga. Forprosjektet er finansiert med midlar frå Sparebanken Hardanger, Visjon Vest, Norsk kulturråd og Fritt Ord. Som ein del av forprosjektet blir det arrangert idédugnader i Oslo, Bergen og Ulvik. Forprosjektrapporten blir offentleggjord i september 2010 (sjå 7.9.2000, 6.9.2010).

15.9.2016 signerer fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ein intensjonsplan om å slå dei tre fylka saman i Vestlandsregionen. Same dagen set Nynorsk kultursentrum i gang ein aksjon for å oppnå forpliktande vedtak om statens språk til regionen og administrasjonsspråket i regionen. I høyringsrundar i dei tre fylkeskommunane blir det sendt inn 859 fråsegner. Av desse kommenterer 716 språkspørsmålet, og 706 fråsegner går inn form nynorsk. 
 

All verdas språk

15. september 1254 er truleg den dagen den oppdagingsreisande Marco Polo blir fødd i Venezia.

I 1271 legg han saman med faren Niccolo og onkelen Maffeo ut på si lange ferd langs Silkevegen, som fører han til både Indonesia, Kina og Japan. 24 000 km seinare kjem han i 1295 attende til Venezia, som då er i krig med Genova. Marco Polo er 17 år då han reiser og 41 då han er heime att.

Hendingane og opplevingane på denne verdsreisa dikterer Polo ifølgje tradisjonen til den franskspråklege forfattaren Rustichello da Pisa medan Polo sat fengsla i Genova 1298–99. Boka er difor skriven på gamalfransk og får tittelen Livres des merveilles du monde. Truleg blir boka tilgjengeleg som handskrift kring 1300, og den blir uvanleg populær i denne tida før prentekunsten er etablert i Europa.

Reiseskildringa blir omsett til mange europeiske språk medan Polo enno lever, og om lag 150 handskrifter i ulike språk er kjende. Trykt blir boka først i 1477, og ei meir tekstkritisk utgåve kjem i 1559.

Marco Polo døyr 9. januar 1324.

Då er ein annan i ferd med å planleggje ei liknande reise. Ibn Batutta er sunnimuslim av berbarslekt og fødd i Tangier 25. februar 1304. Han set seg føre å vitje alle islamske stader i verda. Åleine legg han ut på den første reisa frå Tangier 14. juni 1325, ei hadji, ei pilegrimsferd til Mekka. Seinare blir det lange sjøreiser langs Aust-Afrika, til India og til Kina, og landkaravanar i Vest-Afrika, til Anatolia nord for Svartehavet og Det kaspiske havet,og på Den arabiske halvøya, der han så vidt unngår Svartedauen. Då Ibn Batutta til sist er attende i Marokko vinteren 1354, har han lagt bak seg over 120 000 km og nesten nådd målet sitt. Han døyr i 1368 eller 1369.

Som for Marco Polo rår det tvil om han faktisk var alle stader han skildra, han fortel fritt etter minnet, og passasjar i den omfattande reiseskildringa er openbert henta frå tidlegare skrifter. Nedskrivaren hans i åra 1352–55 er Ibn Juzayy, og verket får tittelen Ei gåve til dei som tenkjer på vedunderlege byar og fantastiske reiser, i kortform Rihla (Reiser). I den ikkje-muslimske verda er verket ukjent til om lag 1800, og først i 1994 er det heile omsett til eit vestleg språk, engelsk.

Sist oppdatert: 06.06.2017