Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.9.1892 blir redaktør Herbert Allheimen fødd i Beiarn.
 
16.9.1939 blir filosofen Jon Hellesnes fødd.
 
16.9.1954 blir litteraturforskar og forfattar Jan Inge Sørbø fødd på Bru.
 
16.9.1957 blir forfattaren Øystein S. Ziener fødd på Vallset.
 
 

All verdas språk

16. september 1489 melder futen i Skien syssel i Noreg eit drap til kongen i København.
Lidvord Aslaksson kom nokre dagar før til garden Bø i Sauland i Telemark. Der er det selskap, og den tilreisande spør om han kan få bli med. Det får han, og han drikk ein skål for Arne Torleivsson med den vanlege lågtyske skålhelsinga Got synth jw – Gud helse til dykk. Arne misliker språket og meiner ein skal tale morsmålet og farsmålet. Det blir munnhoggeri mellom dei to, begge dreg kniv, og Lidvord drep Arne med eit knivstikk i hovudet.
Dette kan vere det einaste kjende tilfellet av at språkstrid har utløyst drap i Noreg, men det kan også vere at Lidvord rett og slett tykte Arne var ein overlegen bonde som brude setjast på plass.  
Nokre hundreår seinare melder ei avis i 1930-åra: «Målmann nær slått i hjel i Etnedalen». Slagsmål var det også då Det Norske Teatret i 1913 tok til å spele på nynorsk, og då teateret sette opp Peer Gynt på nynorsk i 1947. I striden på 1900-talet om bokmål eller nynorsk skal ha førsteretten i Noreg, blir nynorskbøker brende, men dette blir møtt med verbal motstand. Dette er den norske røynsla: Kulturelle konfliktar kan løysast utan vald.
Sist oppdatert: 11.03.2014