Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.9.2003 gir Samlaget ut Ivar Aasens Norsk Ordbog frå 1873 med latinske bokstavar (sjå 29.6.2000). Terje Aarset og Kristoffer Kruken har stått for arbeidet, medrekna nyskriven innleiing og retting av feil.

17.9.2012 leverer Hans Petter Graver og nemnda hans ferdige framlegg til Grunnlova i moderne utgåve på både nynorsk og bokmål til Stortinget (sjå 21.5.2012). 

 

All verdas språk

17. september 1179 døyr den tyske abbedissa og kunstnaren Hildegard von Bingen i Rupertsberg-klosteret ved Rhinen. Ho grunnla sjølv klosteret i 1150. 

Blant dei mange skriftene hennar om emne som religion og musikk finst også ein omtale av det som truleg kan reknast som det første planspråket. Dette lingua ignota skildrar ho i skriftet Lingua Ignota per simplicem hominem Hildegardem prolata, ei ordliste med 1011 ord der forklaringane er på latin eller tysk. Gud heiter Aigonz, mann er jur, kvinne er vanix, far heiter peueriz og mor maler.

For å skrive desse orda bruker ho alfabetet litterae ignotae med 23 bokstavar. Mest truleg utvikla ho sjølv dette språket som eit løyndarspråk, og truleg såg ho på det som ei openberring frå Gud. Ho tok neppe sikte på å forme eit språk for allmenn kommunikasjon. Den lengste teksten i språket er på to setningar.

Berre frå 1600-talet har ein prøvt å lage fleire hundre slike planspråk. Sammlung für Plansprachen und Esperantomuseum i Wien har sidan 1927 dokumentert om lag 500 ulike planspråk.

Sist oppdatert: 17.09.2019