Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.9.2002 debuterer Inger Bråtveit med romanen Munn mot ein frosen fjord på Tiden Norsk Forlag.

All verdas språk

18. september 1907 blir avisredaktøren Ingemund Fænn fødd i Stryn.

Etter examen artium ved Firda Gymnas på Sandane blir han i 1928 journalist i den nyskipa avisa Innfjordingen i heimbygda. Alt året etter går avisa konkurs, og i staden kjem Fjordingen. Der er Fænn ein av to redaktørar. Frå 1936 arbeider han i Bergens Tidende i meir enn 40 år, først som journalist, frå 1956 til 1977 som sjefredaktør. På denne tida aukar opplaget frå 55 000 til 82 000, og Bergens Tidende blir både den store avisa på Vestlandet og ei av dei største i landet. 

Til liks med skiparen av Bergens Tidende, sambygdingen Johan Wilhelm Eide, var Fænn medlem i Vestmannalaget. Dette laget blei skipa i 1868 og fremjar ein konservativ nynorsk. Reelt, men ikkje formelt, er avisa så godt som heile tida redigert tospråkleg. Fram til om lag 1970 er i-mål husnorma for førstesidestoff og leiarar på nynorsk.

Ingemund Fænn døyr i Bergen 19. juni 1987.  

Sist oppdatert: 05.08.2020