Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.9.1985 har Det Norske Teatret si første framsyning i nybygget i Kristian IVs gate 8 i Oslo: Romeo og Julie av William Shakespeare. Opninga blir markert av meir enn 50 lokallag i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag (sjå 6.5.1985).

19.9.2005 gir Nynorsk kultursentrum ut Nynorsk faktabok 2005 av Ottar Grepstad. Med 351 tabellar og 45 figurar på 785 sider er dette truleg den største statistiske dokumentasjonen av ein skriftkultur som nokon gong har vore laga (sjå 23.4.199827.1.2010 og 6.9.2015).

Her kan du lese Språkfakta på aasentunet.no

19.9.2013 blir band XI av Norsk Ordbok, stø–tåvrut, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Madeleine Halmøy, Hilde C.F. Haug, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

All verdas språk :-)

19. september 1982 kl. 11.44 lokal tid sender den amerikanske dataingeniøren Scott Fahlman det som går for å vere første smilefjeset i ein e-post:

«I propose that the following character sequence for joke markers: :-) Read it sideways. Actually, it is probably more economical to mark things that are NOT jokes, given current trends. For this, use :-( .»

Truleg er han likevel ikkje den første som bruker såkalla emotikon. Eit liknande teikn blei brukt I mainummeret av Reader's Digest i 1967, som siterer frå ein artikkel i Sunday Sun av Ralph Reppert: «Many people write letters with strong expression in them, but my Aunt Ev is the only person I know who can write a facial expression. Aunt Ev’s expression is a symbol that looks like this: – ).»

I eit intervju med New York Times i 1969 sa Vladimir Nabokov: «I often think there should exist a special typographical sign for a smile — some sort of concave mark, a supine round bracket.»

Eit teikna smilefjes hadde vore i bruk iallfall sidan 1950-åra. Det dukka opp i filmen Hamnstad av Ingmar Bergman i 1948 og blei brukt i kinoreklame frå 1953.

Sist oppdatert: 19.09.2019