Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
2.9.1909 kjem første nummeret av avisa Norig i Skien med Olav Eide som redaktør. Avisa blir dagsavis 1.6.1917, men går inn i 1935.

2.9.2004 opnar statsråd Valgerd Svarstad Haugland NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Tidlegare distriktsprogramsjef Magni Øvrebotten er dagleg leiar, tilsett 3.3.2004.

2.9.2009 har Aker ASA premiere på reklamefilmen «Made by Norway» på TV2. Diktet «Nordmannen» av Ivar Aasen blir framført av Anderz Eide, regien er ved Erik Poppe, og produsent er Bates United. Før september er omme, har 2,5 millionar menneske sett filmen.

2.9.2010 blir den digitale ungdomsavisa Framtida.no lansert med Svein Olav B. Langåker som redaktør. Publikasjonen skal stimulere til interaktivitet mellom redaksjon og lesarar, mellom anna medkonkurransar, debattar og bloggar. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff, saman med 15 unge kommentatorar frå heile landet. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet. Dei som står bak, er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Mot til å meina, Magasinett og Pirion (sjå 29.9.2009).

2.9.2016 kjem siste del av flyttelasset med språksamlingar frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Samlingane veg i alt 80 tonn og har vore fordelte på 15 trailerar. 


All verdas språk

 
2. september 1945 kunngjer revolusjonsleiaren Hồ Chí Minh at Den demokratiske republikken Vietnam er skipa med vietnamesisk som offisielt språk.

Vietnam var ein del av Kina i tusen år frå 200 f.Kr. til 900 e.Kr. Difor var kinesisk det vanlege skriftspråket i det området som no er Vietnam, og vietnamesisk er sterkt prega av kinesisk både i grammatikk og ordforråd. På 1200-talet blei det nye skriftsystemet chữ nôm utvikla. Dette gjorde det lettare å skriftfeste vietnamesisk tale. Det viste seg at chữ nôm også gjer det lettare å skrive kinesisk, og skriftsystemet blir mykje brukt litterært på 1600- og 1700-talet.
Gatemat i Hanoi, Vietnam. Foto: Jonathan Lin, flickr.com CC By 2.0
Gatemat i Hanoi, Vietnam. Foto: Jonathan Lin, Flickr.com CC BY 2.0

Sidan 1885 har Frankrike kontrollert heile Indokina og innført fransk som administrasjonsspråk i mellom anna Vietnam. Sjølvstendeerklæringa i 1945 utløyser nye, lange krigar. Det nye regimet innfører alfabetet quốc ngữ som det offisielle skriftsystemet. Det byggjer på dei latinske bokstavane og er utvikla av franske misjonærar frå 1500-talet. Dette gjer det lettare for mange å lære å lese og skrive, og alfabetiseringa går frå 5 prosent den gongen til dagens 90 prosent.
Sist oppdatert: 29.05.2017