Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.9.1880 blir redaktør Ivar Tveit fødd i Hyllestad.

20.9.1911 blir Oddleif Fagerheim fødd i Ytre Holmedal. Han var stortingsrepresentant (Ap) 1969–81.

20.9.1942 blir psykolog Rolv Mikkel Blakar fødd.

20.9.1945 blir skodespelar Ragnhild Hilt fødd i Oslo.

20.9.1986 kjem første nummeret av Trønderbladet ut på Melhus med Åsmund Snøfugl som redaktør. Avisa er eit framhald av Melhusbladet som blei skipa i 1979, blir kjøpt av Adresseavisen i 1996 og går over til å bli redigert på bokmål.

All verdas språk

20. september 1984 døyr den kinesiske kvinna Yang Huanyi. Ho skal vere den siste som fullt ut meistra skriftsystemet nüshu, det einaste kjende skriftsystemet som er kjønnsspesifikt.

Nüshu. Foto: UN Woman/Ryan Brown CC BY 2.0.

Foto av ein papirrull på 13 meter som inneheld heile FNs kvinnekonvensjon omsett til nüshu. Foto: UN Women/Ryan Brown, UN Women på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Nüshu blei utvikla i Jiangyong-området i provinsen Hunan i Kina på 1400-talet og var berre brukt av kvinner. I denne regionen var det eit særleg sterkt samhald mellom kvinnene, og mange av dei uroa seg over at ein del kvinner som gifta seg, flytta bort. Med nüshu kunne kvinner formidle kunnskap seg imellom i eit samfunn der berre menn skulle ta utdanning. I tillegg verka det truleg som eit hemmeleg språk for kontakt mellom kvinner i og utanfor regionen, om lag slik taterar i Noreg gjerne bruker norsk romani til å snakke seg imellom.

Nüshu blei både brukt i skrift, vove inn i stoff og brukt i handverk. Dei eldste skriftene med nüshu skriv seg frå 1600-talet. Språket var basert på tilpassing av teikn frå det klassiske kinesiske skriftsystemet hanzi, med teikn mindre og tynnare i forma enn i hanzi. Dei bort imot 1500 ulike skriftteikna blei skrivne i rekkjer ovanfrå og ned, og rekkjene skulle lesast frå høgre mot venstre.

I april 2002 kunngjer kinesiske styresmakter at dei vil bruke ein sum som svarar til om lag sju millionar NOK for å ta vare på språket nüshu. Planen inkluderer eit museum for språket. Året etter publiserer Zhou Shuoyi, truleg den første mannen som kjenner dette språket, ei ordbok med 1800 teikn.

Historia om språket har vore dokumentert i Nüshu-museet i Jiangyong sidan 2007.

Sist oppdatert: 08.03.2017