Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
21.8.1926 kjem første nummeret av Sogns Avis ut i Vik i Sogn med Thormod Liljedahl som redaktør. Siste nummeret kjem 1.11.1954. 
 
21.9.1987 presenterer Det Norske Bibelselskap i Hornindal den første barnebibelen på nynorsk. Bibelen for store og små kjem ut på begge målformene.
 
 

All verdas språk

21. september 1937 gir språkforskaren J.R. Tolkien ut romanen The Hobbit, som han tok til å skrive på boka i slutten av 1920-åra.
Foto: Tony Roberts, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Tony Roberts, flickr.com CC BY 2.0
I dette verket introduserer han sitt eige univers Middle-earth (Midgard) med mange trekk frå Nordvest-Europa i ei tenkt førhistorisk tid. Dette universet går att i The Lord of the Rings (1954–55) og The Silmarillion (posthumt 1977).
Tolkien var ein lærd språkforskar som mellom anna lærte seg finsk for å lese eposet Kalevala. Over tid utvikla han sjølv om lag 15 fiktive språk, dessutan alfabetet tengwar, brukt til mange språk i Middle-earth. Tolkien skreiv mange studiar i dei fiktive språka han skapte, og utstyrte fleire av dei med grammatikkar.
Gamalengelsk, språket til angelsaksarane 1000-talet og tidlegare, appellerte sterkt til Tolkien. Kring 1920 arbeidde han med ein del ord på W i Oxford English Dictionary, ord som waggle og wake-wort frå det språket han kalla Ancient English: Det var, seier han, «a vurious thrill … as if something had stirred in me, half wakened from sleep. There was something very remote and strange and beautiful behind those words, if I could grasp it, far beyond Ancient English”.
Sist oppdatert: 20.08.2014