Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.9.1863 blir redaktør Rasmus Steinsvik fødd i Volda.
 
22.9.1969 blir forfattaren Fanny Holmin fødd.
 
22.9.2009 melder Helse- og omsorgsdepartementet i brev til Kultur- og kyrkjedepartementet at arbeidet med nynorsk talegjenkjenning no blir sett i gang, etter at legar ved fleire sjukehus har reagert på at dei ikkje kan diktere journalane sine på nynorsk.
 
22.9.2011 godkjenner statsråd Anniken Huitfeldt framlegget til ny rettskriving for nynorsk utan endringar. Den nye rettskrivinga skal gjelde frå 1.8.2012 (sjå 13.9.2007, 16.12.2009, 20.1.2010, 1.4.2011 og 20.5.2011).

All verdas språk

22. september 2010 vedtek parlamentet i Katalonia at oksitansk skal vere det føretrekte offisielle språket i Arán-området i Katalonia.
Oksitansk ligg språkleg nært katalansk og blir utanom Spania brukt i Sør-Frankrike og nordvest i Italia, i grenseområdet mot Provence. Ein av dei eldste tekstane på oksitansk er frå om lag 960.
Seint frå 1100-talet tek den tids latin til å utvikle seg i to retningar i det området som no er Frankrike. Nord for elva Loire blir språket til dagens fransk, medan språket i sør blir oksitansk.
Då Ludvig 14 blir konge i 1643, tek ei språkleg sentralisering til i Frankrike. Oksitansk skal ikkje lenger brukast i undervisninga i skulen. Følgjene av denne politikken blir på oksitansk kalla vergonha.
Oksitansk har seks dialektar, og Unesco reknar fire av dei som truga. Nemninga provençalsk blei tidlegare brukt som synonym for oksitansk, men viser i dag helst til den oksitanske dialekten i Provença, som Provence heiter på oksitansk.
Lavendel og solsikker i Provence. Foto: ADT04, flickr.com CC BY 2.0
Lavendel og solsikker i Provence. Foto: ADT04, flickr.com CC BY 2.0
I 1904 får den oksitanske forfattaren og leksikografen Frédéric Mistral nobelprisen i litteratur “in recognition of the fresh originality and true inspiration of his poetic production, which faithfully reflects the natural scenery and native spirit of his people, and, in addition, his significant work as a Provençal philologist”. Om ikkje før, så blir dette eit vendepunkt for bruken av oksitansk.
I Dronero i Nord-Italia ligg Museo Sonoro della Llingua Occitana, og i Dosso del Liro nær grensa til Sveits ligg Museo del Dialetto dell'Alto Lario Occidentale.
Sist oppdatert: 08.01.2015