Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.9.1861 skriv Ivar Aasen for første gong eit brev på sitt eige landsmål, til Eirik Sommer (sjå 1.8.1856).

23.9.1884 vedtek lærarar på eit fylkesmøte i Sogn og Fjordane den såkalla Vadheims-resolusjonen, der dei krev jamstelling mellom dei to målformene i skule og forvaltning. Fram til 1.6.1885 kjem det bort imot 50 slike vedtak.

23.9.1896 døyr Ivar Aasen.

23.9.2009 heidrar det sosiale mediet Twitter Ivar Aasen på dødsdagen hans.

23.9.2011 fastset Kulturdepartementet ny rettskriving for nynorsk i samsvar med tilråding frå styret i Språkrådet.

23.9.2012 ligg det mobile mobilspelet Wordfeud føre også i nynorskversjon. I sine mange språkversjonar er spelet til då lasta ned 18 millionar gonger. Nynorsk kultursentrum oppmoda i januar Håkon Bertheussen om å lage nynorskutgåve, og utover våren auka presset. Bertheussen seier i august at selskapet hans lenge har planlagt å lage også ein nynorskversjon.

All verdas språk

23. september 1927 melder Motion Picture News at filmen The Jazz Singer er ferdig. Dette er den første ordinære spelefilmen med tale og song, og filmen har premiere i New York 6. oktober 1927.


Video: Klipp frå filmen The Jazz Singer (1927).

Stumfimar har vore viste sidan 1895. Alan Crosland har regissert den 88 minutt lange filmen, hovudrolla som den unge jødiske songaren Jakie Rabinowitz spelar Al Jolson, og bak det heile står Warner Bros.

Den første lydfilmen i Noreg med tale på bokmål er Den store barnedåpen med Tancred Ibsen som regissør etter eit skodespel frå 1925 av Oskar Braaten med same namn. Braaten skreiv dette først som ei novelle i 1918. Aase Bye spelar hovudrolla som jenta Alvilde, og filmen har premiere på Cirkus Verdensteater i Oslo 26. desember 1931.

På dagen tre år seinare er det premiere i Oslo på den første spelefilmen med nynorsk tale, Liv etter forteljinga ”Liv” av Kristofer Janson. Manuskript og regi er ved Rasmus Breistein, og Tordis Maurstad og Alfred Maurstad spelar hovudrollene.

Sist oppdatert: 23.09.2016