Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.9.1847 kjem Ivar Aasentil Kristiania etter eit opphald i Trondheim frå desember 1846. Resten av livet blir han buande, men ikkje bufast, i hovudstaden.

24.9.1895 annonserer A. Garathun’s Forlagsboghandel i Kristiania i Den 17de Mai at Kari Lidi av Brita Bjørgum er komen ut. Dette er den første lengre forteljinga på landsmål skriven av ei kvinne. Boka er utgitt i kommisjon, og 5. oktober melder Den 17de Mai at boka no også er gitt ut i kommisjon av Hydle & co.s forlag i Bergen.

24.9.1935 kjem første nummeret av Norsk Tidend ut med Olav Rytter som redaktør. Utgivar er Nynorsk Dagblad L/L.

24.9.1951 er det premiere på den første spelefilmen med nynorsk tale og tekst, Dei svarte hestane, frå Norsk Film i regi av Hans Jacob Nilsen og Sigval Maartmann-Moe etter boka av Tarjei Vesaas, og med Hans Jacob Nilsen og Eva Sletto i hovudrollene. 

24.9.1973 melder Firda Folkeblad at Henning Rivedal er tilsett som programmedarbeidar i reportasje- og idrettsavdelinga i NRK Fjernsynet for eitt år. Han blir den første som leier «Sporten» (seinare «Sportsrevyen») på nynorsk. Rivedal var hausten 1972 programleiar i «Leikestove» saman med Bergljot Engeset og leier utover hausten 1973 «Trimtreff» frå fleire stader i Noreg.

24.9.1980 debuterer Geirr Lystrup med songsamlinga Barbershop på norsk på Det Norske Samlaget i samarbeid med Per Oddvar Hildre. 

Tarjei Vesaas. Foto frå Gyldendals historiske, arkiv ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
 

Tarjei Vesaas. Foto frå Gyldendals historiske, arkiv ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.

24.9.2010 opplyser Det Norske Misjonsselskap at den private norske skulen i Kamerun er blitt nynorskskule. Alle dei ni norske elevane nyttar nynorsk som målform dette året. Denne private grunnskulen blei skipa i 1958 og har heilt til no vore ein bokmålsskule. Det har også heile tida vore vedtektsfesta at dette skal vere ein skule på bokmål.

All verdas språk

24. september 1931 skipar den danske språkforskaren Louis Hjelmslev saman med danske kollegaer Linguistic Circle of Copenhagen (Lingvistkredsen) etter mønster av ein tilsvarande krins i Praha.

Dette skal vere eit forum for teoretiske og metodiske problem i språkvitskapen. Med unntak av åra 1934–37 leier Hjelmslev arbeidet til han døyr i 1965. To år før gir han i 1963 ut det tette oversiktsverket Sproget. En Introduktion, der svært mykje blir sagt på 120 sider.

Han blei innsett som professor i samanliknande språkvitskap ved universitetet i København 14. september 1937. I opningsførelesinga si la han vekt på at «læren om menneskets sprog kan og bør ikke dyrkes uden kontakt med studiet af menneskets øvrige aandsliv, ligesaa lidt som aandsliv og kulturhistorie lader sig studere med udbytte uden indsigt i sprogvidenskaben».

Språkforskaren Rasmus Rask er den raude tråden i førelesinga. «Indtil sprogenes forandring opdagedes i begyndelsen af det 19. aarhundrede, var al sprogvidenskab et studium af sproget som tilstand», seier Hjelmslev. Det gjorde Rask noko med. Den 25. oktober 1816 gjekk han om bord i ein galeas i Kalmar og la ut på ei språkferd som varte i 6 ½ år. Den 1. desember 1822 reiste fhan rå Calcutta og kom attende til København 5. mai 1823. Rask skreiv mange viktige verk innanfor fonologi og morfologi og grammatikkar for både angelsaksisk, frisisk, islandsk, italiensk, nordsamisk og spansk. Med det forma han grunnlaget for samanliknande språkforsking.

”Rask lader sig ikke klassificere”, seier Hjelmslev i 1937.  


Sist oppdatert: 05.08.2020