Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.9. 1938 tek Gustav Indrebø på eit møte av målfolk i Bergen til orde for å skipe Aasen-ringen som skal vere ein møtestad for dei som vil følgje ei rettskriving nærast råd Aasens normal. Aasen-ringen blir formelt skipa i november same året med Lars Eskeland som første formann.

25.9.2018 legg Hordaland Teater fram ein plan for å bli Nynorskhuset i Bergen og gjere baren i Logen til ein nynorsk samlingsstad. Teateret opna i nyombygde lokale i Logen 29.9.2017. No har teateret søkt Bergen kommune om 1,2 millionar til prosjektet, som dels byggjer på erfaringar frå Kulturhuset Stadsteatern i Stockholm.

All verdas språk

25. september 1066 taper den norske vikingkongen Harald Hardråde med sin hær slaget mot hæren til den angelsaksiske kongen Harald Godvinsson på ei bru over ei elv utanfor byen York. I dag heiter denne landsbyen Stanford Bridge.

Den norske kongen har reist med om lag 300 skip frå Solund i Sogn for å gjere krav på England etter at kong Edvard Vedkjennaren er død. Dette blir det siste skandinaviske forsøket på å vinne att kontrollen over England.Få veker etter triumfen ved Stanford utkjempar sigerherren eit nytt slag. Denne gongen er det mot Vilhelm og hans store hær frå Normandie som også vil ta makta over England.

På eit høgdedrag utanfor Hastings som i dag blir kalla Battle, står det avgjerande slaget 14. oktober 1066. Vilhelm med sin nokså vesle hær vinn, får tilnamnet Erobraren eller Landevinnaren og tek over makta.

I lang tid hadde Engelsk no vore under press, særleg frå nordiske språk som dansk og norsk. No kjem England under fransk styre, og det gjer Fransk til det viktigaste språket i England i fleire hundre år. Minst 10 000 franske ord flyttar inn i engelsk, og der er tre firedelar av dei blitt verande.

Sist oppdatert: 22.02.2019