Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

26.9.1903 gir Paul M. Gjærder ut første nummeret av Myllarguten i Volda, ein serie hefte med eldre og nyare tradisjonsmusikk frå Vestlandet, redigert på landsmål. I alt kjem fem hefte fram til 18.2.1905.

26.9.2001 held direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum årstale nr. 1 om tilstanden for nynorsk skriftkultur under tittelen ”Det nynorske blikket”.

26.9.2003 blir det kjent at Oslo Byes Vel har nekta Det Norske Teatrets Vener å setje opp eit skilt med nynorsk tekst på husveggen til Rosenkrantzgt. 8 i Oslo med teksten ”Her opna Det Norske Teatret i 1913. I 1945 flytta teatret til Stortingsgata, og frå 1985 spela det i eige hus”.

26.9.2008 har den brasilianske filmen Tropa de Elite premiere på norske kinoar med tekstar på nynorsk. Filmen vann Gullbjørnen under filmfestivalen i Berlin vinteren 2008, og er importert av Euforia Film (sjå 1985).

26.9.2012 held direktør Ottar Grepstad den siste av 12 årstalar om tilstanden for nynorsk skriftkultur, i Ivar Aasen-tunet. Same dagen lanserer Det Norske Samlaget boka Draumen om målet der alle talane er samla.

26.9.2013 opnar Nasjonalbiblioteket Leve språket! i Oslo. Dette er hovudsatsinga deira i Språkåret 2013.

26.9.2014 opnar Bondeungdomslaget i Oslo Nynorskens hus i Rosenkrantzgt. 8. i Oslo. Målet er å lage eit nynorsk kulturhus i hovudstaden, i tillegg til dei som alt er der.

26.9.2015 tek utgivinga av Språkfakta 2015 til på Aasentunet.no. Siste kapittel blir publisert 15.10. Verket er skrive og redigert av Ottar Grepstad og inneheld 867 tabellar om utbreiing av språk gjennom 5000 år, ein innleiande språkplakat, 19 kapittel med analysar av alt statistisk materiale, 38 korte artiklar og eit avsluttande essay om dokumentasjon av språk gjennom 5000 år (sjå 23.4.1998, 19.9.2005 og 27.1.2010).

26.9.2018 signerer TV 2 og Kulturdepartementet ein konsesjonsavtale om TV 2 som allmennkringkastar 2019–2023. I avtalen heiter det at «begge de offisielle norske målformene skal benyttes». I kommentarar til avtalen blir dette mellom anna presisert til at både nynorsk og bokmål skal brukast i eigen tekstproduksjon som skjermvignettar, teksting av film og oppslag på TV2.no. 

All verdas språk

26. september 2002 blir Den europeiske språkdagen feira for første gong.

Europarådet vedtok 6. desember 2001 å innføre ei slik årleg markering for å feire språkleg og kulturelt mangfald og stimulere til å lære fleire språk. Vedtaket i Europarådet markerte avslutninga av Det europeiske språkåret 2001.

Dei seks landa Belgia, Nederland, Luxembourg, Frankrike, Italia og Forbundsrepublikken Tyskland signerer Roma-traktaten 25. mars 1957. Frå 1. januar 1958 er EEC eit faktum, og den 15. april same året vedtek dei seks medlemslanda at EEC skal ha fire offisielle språk – tysk, fransk, italiensk og nederlandsk. I praksis bli nesten berre fransk og tysk brukt. Først med utvidinga i 1973 blir også engelsk offisielt språk. Etter kvart har EU fått 24 offisielle språk, men i praksis blir engelsk, fransk og tysk mest brukt, og paradoksalt nok aukar bruken av engelsk mest når fleire offisielle språk kjem til. Juridiske dokument blir likevel omsette til alle offisielle språk. Ein EU-borgar skal kunne skrive til dei ulike EU-institusjonane på kva som helst av dei offisielle språka og få svar på det same språket.

Behovet for fleirspråkleg kunnskap er stort. I 2004 viser ei undersøking at færre enn 10 prosent av britane kan snakke eit anna språk enn engelsk. Det svarar om lag til dei som då har innvandrarbakgrunn. Biletet er mykje det same i USA. Der svara 16 prosent av collegestudentane i 1960 at dei studerte framandspråk. I 1995 svara mindre enn 10 prosent at dei gjorde det.  

Sist oppdatert: 29.07.2019