Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

27.9.1920 melder Gula Tidend at Fylkesbaatarne i Sogn og Fjordane har gått over til å prente båtrutene sine på nynorsk.

27.9.2018 kunngjer Sandefjord-firmaet Russeservice at dei innan 14 dagar fjernar eit påslag på 100 kroner for russekort med nynorsk tekst. Firmaet har dei siste dagane hausta mykje kritikk for prisskilnaden, som Firda Målungdom tok opp 25.9.

All verdas språk

27. september 1929 blir den baskiske språkforskaren og forfattaren José Luis Álvarez Enparantza fødd i San Sebastiân i Spania. Med pseudonymet Txillardegi blir han ein av dei fremste talsfolka for baskisk språk og kultur på 1900-talet.

José Luis Álvarez Enparantza, i 2011. Foto: Ukiberry.net, flickr.com CC BY 2.0

José Luis Álvarez Enparantza, i 2011. Foto: ukberri.net på flickr.com. CC BY 2.0.

Med baskisk mor og spansk far har han som 17-åring lært baskisk i løynd under general Francos regime. I 1957 blir han assosiert medlem i Euskaltzaindia, Det kongelege akademiet for baskisk språk. Vanleg medlem blir han aldri, til det er han for omstridd politisk.

I 1959 er han med og skipar Euskadi Ta Askatasuna (ETA). ETA er i utgangspunktet ein kulturorganisasjon, men i 1960-åra blir han pressa ut av dei kreftene som no utviklar ETA til eit terrororganisasjon. I staden er han i 1970-åra med og skipar den baskiske språkorganisasjonen Euskal Herrian Euskaraz.

Txillardegi døyr 14. januar 2012.


Sist oppdatert: 27.09.2019