Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.9.1923 kjem første nummeret av Fjordaposten ut i Bergen med Albert Joleik som redaktør. Siste nummeret kjem 4.4.1940. 

28.9.2010 blir nynorskversjonen av internettspelet Hattrick lansert. Fotballspelet har kring 850 000 deltakarar over heile verda og er omsett til meir enn 60 språk. Spelet er omsett til nynorsk av ein dugnadsgjeng under leiing av Ole Fuglestad i Balestrand.

28.9.2018 markerer Nynorsk kultursentrum 25-årsjubileet sitt med ope jubileumsseminar i Ivar Aasen-tunet og festmiddag for 110 inviterte gjester om kvelden. Seminaret opnar med Ottar Grepstads jubileums- og avskilstale «Prinsippet makt» (sjå 7.6.2018 og 30.8.1993).

28.9.2018 kunngjer kulturminister Trine Skei Grande i ei helsing til 25-årsjubilanten Nynorsk kultursentrum at regjeringa i statsbudsjettet for 2019 føreslår å løyve 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret (sjå 29.2.2016). 

All verdas språk

28. september 1745 blir «God save the King» urframført på Theatre Royal, Drury Lane, i London. Songen blir framført som støtte til kong George II etter eit nederlag i slaget ved Prestonpans. Melodien kan vere komponert av Thomas Augustine Arne, som også har skrive «Rule Britannia!».

Opphavssegnene er fleire og uvissa stor både om tekst og melodi. Det er difor rimeleg å kalle dette ein tradisjonssong etter komponisten John Bull frå 1500-talet. Med åra har nokre strofer kome til, og andre er blitt tekne ut. Difor finst songen i mange variantar og versjonar der berre første strofa er den same, men ein versjon med tre strofer har festna seg.

«God save the King/Queen» er gjennom tradisjon og sedvane blitt nasjonalsongen for Storbritannia; noko formelt vedtak er aldri blitt gjort.

Sist oppdatert: 22.02.2019