Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
29.9.1842 legg Ivar Aasen ut på si første språklege innsamlingsreise, den såkalla langferda, frå Ekset. Denne delen av innsamlingsarbeidet hans varer i 26 år.
 
29.9.1896 blir Ivar Aasen jordfesta på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania. Så dødsbuet blir gjort opp, viser det seg at han etterlet seg ein formue på kr 31 073,20, nær 1,9 mill. kr i dagens verdi.
 
29.9.1950 tek Hallvard Framnes på årsmøtet i Kommunale Kinematografers Landsforbund opp spørsmålet om teksting av spelefilmar på nynorsk. Formann Kr. Aamot stiller seg relativt positivt til tanken (sjå 2007).
 
29.9.2009 løyver Kultur- og kyrkjedepartementet 300 000 kroner årleg i tre år til prosjektet «Ung til sinns – på nett» som skal utvikle ei nettavis på nynorsk for unge. Den planlagde nettavisa skal leggje mest vekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av unge. Landssamanslutninga av nynorskkommunar leier prosjektet i samarbeid med ABC Startsiden, Pirion, Magasinett og Jærmuseet.
 
29.9.1938 melder Norsk Tidend at Det Norske Samlaget og nokre dagar gir ut Nynorsk ordliste. Boka med bort imot 20 000 oppslagsord er redigert av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl og følgjer den rettskrivingsnormalen som regjeringa Nygaardsvold fastsette i januar 1938. Med åra blir dette det mest brukte nynorske oppslagsverket. Alf Hellevik tek over ordlistearbeidet frå 1959. Det samla salet av ordlista passerer to millionar eksemplar i 1993 (sjå 7.1.1938).
Nynorsk ordliste. Foto: Toyni Tobekk, flickr.com CC BY 2.0

29.9.2017 markerer Hordaland Teater med mein festkveld at teateret no har flytta frå Fana til teaterhuset Logen i Bergen sentrum. På scena står mellom andre Helge Jordal, Karoline Krüger og Claus Sellevoll.


All verdas språk

29. september 1643 skal den danske boktrykkjaren Tyge Nielssøn i Kristiania ha ferdig eit skrift av den dansknorske presten Christen Steffensen Bang.

Presten har bedt Nielssøn kome til Noreg med trykkjeriet sitt sommaren 1643 for å hjelpe han med å trykkje eigne manuskript. Det første Nielssøn prentar, er derimot det vesle skriftet Encke-Suck. Nielssøn tek også fleire andre oppdrag, mellom anna En ny Allmanach for 1644. Då dagen er der, er ikkje Bang ferdig med oppdraget, Bang saksøkjer han, vinn og tek kontroll over trykkjeriet.

Dette er det første trykkjeriet i Noreg, og her får Bang mellom anna trykt sitt 9000 sider store verk Postilla catechetica i åtte band. Den første boka om norsk språk blir derimot prenta i København. Der gir presten Christen Jensøn i 1646 ut Det norske Glossarium eller Glosebog, ei samling med 900 ord frå sunnfjordsdialekten.

Med prentekunsten styrkjer det danske språket si stilling i Noreg. I Danmark blir det første trykkjeriet opna i 1482, i Sverige året etter.


Sist oppdatert: 18.02.2019