Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.9.2004 opplyser Agder og Telemark bispedømme v/biskop Olav Skjevesland at dei vil søkje om dispensasjon frå mållova. 4.11. blir det kjent at Kultur- og kyrkjedepartementet har avslått søknaden.

 

All verdas språk

 
3. september 301 blir San Marino etablert som sjølvstendig stat av steinhoggaren St. Marinus frå Rab i dagens Kroatia. Truleg døyr han vinteren 366.
San Marino er den eldste sjølvstendige staten i verda og innførte ei grunnlov i 1600, den eldste i verda som enno gjeld. Italiensk er det offisielle språket, og 61 km2 store San Marino er eit av svært få land i Europa med berre eitt skriftspråk.
San Marino. Foto: Michela Simoncini, flickr.com CC BY 2.0
San Marino. Foto: Michela Simoncini, flickr.com CC BY 2.0
Eit anna slikt land er Vatikanstaten, det minste landet i verda rekna både etter flatevidd og folketal. Den 7. juni 1929 vedtek den nyoppretta Vatikanstaten at alle lover og reglar skal liggje føre på italiensk. Noko formelt vedtak om offisielt språk i staten er ikkje gjort, men i praksis er det italiensk, medan paveembetet – Den heilage stolen – som regel bruker latin i offisielle dokument.
Nettstaden for paveembetet er derimot på åtte språk: engelsk, fransk, italiensk, mandarin, portugisisk, spansk, tysk – og latin frå 9. mai 2008.
Sist oppdatert: 10.03.2014