Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.9.1987 debuterer Erna Osland med ungdomsromanen Natteramnen på Det Norske Samlaget.

30.9.2011 debuterer Tore Kvæven med romanen Hard er mitt lands lov på Det Norske Samlaget.

All verdas språk

30. september 1960 sender ABC første episode av Flintstones, laga av William Hanna og Joseph Barbera. Den siste episoden blir send 1. april 1966.

Foto: erjkpruczyk, flickr. com CC BY 2.0

Foto: erjkpruczyk, Flickr.com CC BY 2.0

Dei to amerikanske animatørane har i 1957 skipa animasjonsstudioet Hanna-Barbera. I Noreg får serien namnet Familien Flint. NRK sender truleg serien frå 1962. Den 22. oktober 1962 melder Verdens Gang at i USA er det blitt statussymbol å kunne sjå serien i fargar, og frå no av blir teikneserien om steinalderfamilien fargelagd.

I 1966 er serien teksta eller dubba på 17 ulike språk. Serien om Fred og Barney og alle dei andre i Bedrock, ein parodi på amerikanske forstader i 1950-åra, blir svært populær i Noreg. Dei første åra er serien teksta på bokmål, men seinast frå 1965 tekstar Guri Vesaas Familien Flint på nynorsk.

Familien Flint-frimerke frå Mongolia, datert 1991 og merka som offisielt produkt frå Hanna-Barbera Productions. Foto: Fred Seibert, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Familien Flint-frimerke frå Mongolia, datert 1991 og merka som offisielt produkt frå Hanna-Barbera Productions. Foto: Fred Seibert, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sist oppdatert: 05.08.2020