Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 4.9.1831 blir prest og bibelomsetjar Johan Einar Unger fødd i Oslo.

4.9.1910 blir biletkunstnaren Jostein Ragnvald Øvrelid fødd i Førde. Han illustrerer teikneserien Ingeniør Knut Berg frå 1941 til 1960 (sjå 5.7.1941).

4.9.2011 tek Gaute Øvereng til som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet.

4.9.2014 opnar leiar Sigmund Løvåsen i Den norske Forfatterforening det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 2000, 2009, 2010, 2011). Den samla byggjerekneskapen viser kostnader på vel 11 millionar kr.

All verdas språk

4. september 1837 presenterer den amerikanske oppfinnaren og kunstprofessoren Samuel Morse si oppfinning morseapparatet, bygt med delar frå både eit staffeli og veggklokka hans. På den første papirstripa stod skrive: «214-36-2-58-112-04-01837» - «vellykka forsøk med telegraf 4. september 1837».

Saman med studenten Alfred Vail presenterer han 6. januar 1838 morsealfabetet. Alfabetet er bygt på det engelske skriftspråket og komponert ut frå Vails analyse av kor mange eksemplar det er av kvar bokstav i setjekassane i ei lokalavis i Morristown. Morsetelegrafen blir vist i bruk offentleg fem dagar seinare. Då blir meldinga «A patient waiter is no loser» telegrafert i morse over ei strekning på 3 km i Speedwell Ironworks, New Jersey. Det amerikanske patentet for morseapparatet får Morse 20. juni 1840.

Morse. Foto: Richard Corfield, flickr.com CC By 2.0

Morse. Foto: Richard Corfield, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Morsesignalet SOS har ofte vore forklart som ei forkorting for uttrykk som «Save Our Souls», men forklaringa er teknisk. Det gjaldt å lage eit enkelt signal som kunne nå fram med dei svake sendarane og all den sendarstøyen som då var røynda, og signalet var standard frå 1. november 1908. Det er det einaste morsesignalet med meir enn åtte teikn.

Sist oppdatert: 04.09.2019