Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.9.1830 blir forfattaren Olav Jakobsen Høyem fødd på Byneset.
 
5.9.1867 blir Olav Benum fødd på Beitstad. Han er stortingsrepresentant (V) 1945–61.
 
5.9.1939 blir journalist Erling Lægreid fødd i Årdal.
 
5.9.1941 blir journalist og redaktør Einar Ådland fødd.
 
5.9.1950 blir skodespelar Bjørn Skagestad fødd i Oslo.
 
5.9.2012 opnar kulturminister Anniken Huitfeldt Garborgsenteret på Bryne.
 
 

All verdas språk

 

5. september 1960 blir den 54 år gamle forfattaren Léopold Sédar Senghor den første presidenten i Senegal, og han blir verande president til 1981. Senegal har då vore under fransk styre sidan 1639.
Morsmålet hans er serer, eit niger-kongo-språk som blir brukt av mange i Senegal. På serer tyder mellomnamnet Sédar ‘ein som ikkje kan bli audmjuka’. Senghor tek høgare utdanning mellom anna ved Sorbonne-universitetet i Paris. I studieåra formar han saman med andre négritude, ei ideologisk og litterær identitetsbølgje i opposisjon til den franske kolonimakta. Han blir politisk aktiv straks Den andre verdskrigen er over og skipar i 1948 partiet Bloc Démocratique Sénégalais.
Den første av fleire diktsamlingar kjem ut i 1945 – Chants d’ombre (Skuggesongar). Senghor er ein av dei fremste afrikanske intellektuelle på 1900-talet. Han støttar opprettinga av L’Organisation internationale de la Francophonie i 1970, som skal fremje bruken av fransk, og blir som første afrikanar i 1983 vald inn i L’Académie française.
Senghor døyr 20. desember 2001.
Sist oppdatert: 20.08.2014