Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.9.1879 gir amtmann N. Bonnevie skarp påtale til likningskontoret i Hylestad for at dei året før har teke til å skrive landsmål: ”Saadanne Sprogøvelser kunne have Interesse, men høre ikke hjemme i offentlige Protokoller” (sjå 6.1.1880).

6.9.1933 kjem første nummeret av Telemark Dagblad ut i Skien med Reidar Svare som redaktør. Avisa er eit framhald frå Norig, går inn 8.3.1934 og held fram som Noreg, som kjem med siste nummeret 28.5.1935.

6.9.2004 seier Utdanningsdirektoratet ja til ein søknad frå Oslo kommune om at eitt årskull elever i tre år i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, studieretning for musikk, dans og drama og studieretning for idrettsfag ved ni vidaregåande skular skal prøve munnleg sidemålsundervisning i tre år, med vitskapleg følgjeforsking. 814 av 996 elevar seier ja til å vere med (sjå 21.11.2007 og 4.3.2008).

6.9.2007 legg regjeringa Stoltenberg fram ein lekkasje frå framlegget til statsbudsjett for 2008 i form av ein nynorskpakke med til saman 6 mill. kr i påplussingar til fleire nynorskinstitusjonar.

6.9.2010 legg Olav H. Hauge-stiftinga fram ein forprosjektrapport om Olav H. Hauge-senteret for Ulvik heradsstyre. Rapporten er skriven av forprosjektleiar Guro Ljone (sjå 7.9.2000, 15.9.2009, 16.8.2010, 5.10.2010, 13.1.2011, 4.9.2014).

All verdas språk

6. september 1956 blir den engelske arkitekten og språkforskaren Michael Ventris drepen i ei bilulykke, 34 år gamal.

Saman med John Chadwick har han i åra 1951–53 knekt koden for stavingsskrifta linear B med om lag 200 skriftteikn og ideografiske teikn, ein avløysar for stavingsskrifta linear A. Ein samanheng er der, for 48 av teikna er felles for dei to stavingsskriftene. 

Linear B - skrift frå Knossos, datert 1450–1375 f.Kr. Foto: vintagedept, flickr.com CC BY 2.0
Leirtavle med linear B-skrift frå Knossos, datert 1450–1375 f.Kr. Foto: Ann Wuyts (vintagedept), Flickr.com CC BY 2.0.

Språket i linear A er ganske sikkert eit ikkje-gresk urfolksspråk på Kreta. Linear A er kjent frå innskrifter på leirtavler, metallstykke og steinar frå det minoiske Kreta. Den britiske arkeologen Arthur Evans fann dei under utgravingar frå 23. mars 1900, og han offentleggjer funna i Scripta Mino I i 1909. Han er den første som definerer den gamle skrifta på Kreta, som han kallar linear A, og som truleg var brukt frå om lag 1900 til 1450 f.Kr. Fleire har prøvt å tolke tekstane i linear A, men dei er framleis gåtefulle. 

Linear B blei brukt til å skrive mykensk, det eldste dokumenterte greske språket. Linear B er kjent frå om lag 4000 leirtavler frå Knossos på det greske fastlandet. Skrifta kan vere frå det 16. hundreåret, men dei to første hundreåra er framleis mørklagde. Seinast kring 1450 f.Kr. blei skrifta teken i bruk på fastlandet, og dei kjende innsriftene er frå tida 1370–1200.

Då Evans held foredrag om emnet i London i 1936, sit 14 år gamle Ventris i salen. Han blir hekta og arbeider i årevis med å løyse den gåta det er å forstå linear B. Det gjer han i 1952, men for å vere på fgleg trygg grunn får arkitekten med seg filologen Chadwick. Ventris stod for gjennombrotet, sa Chadwick seinare, mi rolle var infanteridivisjonen som lagar opningar. I desember 1955 har dei gjort ferdig manuskrptet til Documents in Mycenaean Greek, der dei presenterer innskriftene frå 300 leirtavler. Boka kjem ut kort tid etter dødsulykka.

Leivningar frå ein skriftkultur som kan vere endå eldre, finn den ungarske arkeologen Zsófia Torma 11. juni 1875 i form av leirgjenstandar med ukjend skrift i Turdaş i dagens Romania. I 1908 blir liknande gjenstandar funne i Vinča, ein forstad til Beograd. Etter kvart blir denne symbolskrifta tidfesta til 4000–5000 år f.Kr. og er med det den eldste kjende skrifta på jorda.

Sist oppdatert: 06.06.2017