Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.9.1928 går Folketanken i Risør over til å bli redigert på landsmål og er det formelt til 11.10.1934. Avisa har kome ut sidan 1888 og er i røynda redigert tospråkleg. Avisa går inn i 1945.

7.9.1972 sender NRK TV det første av fem program i serien Leikestove med Øyvind Holsvik og Guri Sem som programleiarar. Serien held fram med fem nye program frå 12.10.1973, no med Eva Solbakken og Asbjørn Tryggestad som programleiarar. Dette er første gongen nynorsk er brukt i Barne-TV utanom teksting av Familien Flint.

7.9.2000 skipar Ulvik herad og Hordaland fylkeskommune Olav H. Hauge-stiftinga. Føremålet er å arbeide med dokumentasjon og formidling av forfattarskapen til Olav H., Hauge og gjere diktarheimen til Hauge til eit litterært museum om forfattaren (sjå 15.9.2009, 16.8.2010, 6.9.2010, 5.10.2010, 13.1.2011, 4.9.2014).


All verdas språk

7. september 1962 døyr den danske forfattaren Karen Blixen på Rungstedlund nord for København, 77 år gamal. Fødenamnet hennar var Dinesen, og det faste pseudonymet hennar på engelsk blir Isak Dinesen.


Karen Blixen, 1959. Kjelde: Library of Congress, Prints & Photographs Division, Carl Van Vechten Collection, [reproduction number, e.g., LC-USZ62-54231]. Ingen CC.
Då ho publiserer sine første forteljingar i 1905, bruker ho pseudonymet Osceola. Dette namnet på ein amerikansk urfolkshøvding har ho truleg etter faren, som ei kort tid budde med ojibwe-folket i Wisconsin. Den 2. desember 1913 flyttar ho til den delen av Britisk Aust-Afrika som i dag er Kenya. Eit stykke utanfor Nairobi har ho alt kjøpt 24 000 mål land, og her blir ho til 1931.
Attende frå Afrika gjer Blixen dikting og skriving til sin leveveg. Ho skriv bøkene først på engelsk og omset dei så sjølv til dansk etterpå. Slik er det med Seven Gothic Tales i 1934, som året etter blir Syv fantastiske Fortællinger på dansk. Livet i Afrika blir kunstnarleg forma til den store, men ikkje eintydig sjølvbiografiske romanen Out of Africa (1937). Opningslinja er legendarisk: «I had a farm in Africa at the foot of the Ngong Hills.»
I 1950 gav ho ut Babettes gæstebud, som blir halde i Berlevåg i Finnmark, ein stad Blixen aldri vitja sjølv om ho reiste i Noreg kring 1907.
Sist oppdatert: 23.01.2017