Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.9.1901 opnar BUL Oslo den første kaffistova i Noreg i Øvre Slottsgt. 29, Kristiania under mottoet: ”Fyrsteklasses kafé med tridjeklasses prisar”. Initiativtakar er Marie Kviberg. Dei neste tiåra kjem det over 160 kaffistover og bondeheimar. Halvparten av kaffistovene ligg i fire fylke: Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Nordland (sjå 26.3.1949).

8.9.1908 prentar Den 17de Mai diktet ”Vestland” av Tore Ørjasæter, skrive i Geiranger sommaren same året. I 1911 komponerer Sigurd Førsund melodien til diktet som i dag er kjend som ”Å Vestland, Vestland”.

8.9.1927 sender Det Norske Samlaget ved formann Gustav Indrebø den første søknaden om offentlege midlar til «ei ordbok yver det nynorske målet med ordtydingar på norsk». Søknaden er på 75 000 kroner fordelt over åtte år. 

8.9.1974 kjem første nummeret av Sunnhordland Avis ut på Husnes med Kjartan Wang Olsen som redaktør. Avisa går inn i 1978.

8.9.1994 løyver Kulturdepartementet ved Åse Kleveland midlar til forprosjekt for Ivar Aasen-året 1996.


All verdas språk

8. september 1966 blir Den internasjonale dagen for lese- og skrivekunne feira første gongen. Unesco vedtok 17. november 1965 å innføre denne dagen.

Noreg har brukt tusen år på vegen frå analfabetisme til å vere eit samfunn der så godt som alle i det minste til ein viss grad kan lese og skrive. Mellomalderen gjennom var skriftspråk noko som helst høyrde dei øvre sjikta og eliten til i Noreg. Berre eit mindretal kunne lese og skrive, og det mindretalet var dei som dreiv med handel, forkynning eller på anna vis utøvde makt. Men der var også nokre frå allmugen. Kring 1300 var det kanskje berre éin prosent av innbyggjarane i Noreg som kunne lese og skrive: om lag 4000 menneske.
Få institusjonar har arbeidd meir for å forme nye skriftspråk og lære fleire å lese og skrive enn kristne misjonsorganisasjonar og institusjonar som fremjar utbreiinga av Bibelen. I dag er om lag 7100 språk i bruk. Ved utgangen av 2012 var Bibelen omsett til vel 2600 av dei – meir enn kvart tredje. Truleg er om lag 2000 av all verdas språk enno ikkje skriftfesta, og om lag ein milliard menneske kan ikkje lese og skrive. Bort imot tre firedelar av desse lever i om lag 15 land.
Som eit av svært få land i verda rapporterer Georgia om 100 prosent lese- og skrivekunne til Unesco.
Les meir om bibelomsetjing.
Sist oppdatert: 07.09.2019