Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.9.1934 blir historikar Trygve Solhaug fødd.

9.9.2015 blir Nynorsk kultursentrum kåra til Årets museum 2015. Prisen er blitt delt ut av Norges Museumsforbund kvart år sidan 1997, og ein uavhengig jury står bak kåringa.

All verdas språk

9. september 1980 opprettar regjeringane i Nederland og Belgia Nederlandse Taalunie, Den nederlandske språkunionen. Unionen har særlege band til Sør-Afrika og Indonesia, og frå 12. januar 2005 er Surinam medlem.

Føremålet er «å integrere Nederland og det nederlandske samfunnet i Belgia med hensyn til det nederlandske språket og humaniora i begrepenes videste mening». Dette inneber mellom anna å sikre ei felles rettskriving for standard nederlandsk og fremje opplæring i nederlandsk.

Språkunionen tek frå 1986 over oppgåva med å forvalte den fremste nederlandske litteraturprisen, De Prijs der Nederlandse Letteren, som har vore delt ut kvart tredje år sidan 1956.

Foto: Matthew Yglesias, flickr.com CC By 2.0

Stol med nederlandsk tekst med ordlyden «Wilt u zitten? ik kan staan!» som tyder «Vil du sitte? Eg kan stå!» Foto: Matthew Yglesias, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Nederlandsk er offisielt språk i Nederland og vil elles særleg finnast i Flandern (flamsk), Aruba, Curaçao, Sint Maarten og Surinam. Vestfrisisk blir brukt av om lag 450 000 menneske i Nederland og har vore offisielt språk i Fryslân, Friesland, sidan 1956. Nordaust i landet taler 1,8 millionar menneske nederlandsk lågsaksisk, og i søraust har limburgisk vel 800 000 brukarar. Begge desse språka har status som regionale språk.

For frisisk kjem vendepunktet ein fredag som blir kalla Kneppelfreed. Den 16. november 1951 gjer store folkemassar opprør utanfor domstolen i den vestfrisiske provinshovudstaden Leeuwarden. Journalisten Fredde Schurer i lokalavisa er tiltalt for injuriar mot domaren S.R. Wolthers. I ei rettssak har Wolthers dømt ein frisisk handelsmann for at han har marknadsført varene sine på frisisk, og i ei anna har han forbode den tiltalte å snakke frisisk i rettssalen. Politiet går hardt til verks, og den nederlandske regjeringa må gi etter. Lovnaden er at frisisk skal bli offisielt språk i rettssaker. Fem år seinare er frisisk offisielt språk i Friesland.


Sist oppdatert: 09.09.2019