Hopp til innhold

1646-1800 Forsøk på trykk

Reformasjonen i 1536 fordanska skriftspråket i landet. Ein grunntanke i reformasjonen var forkynning på folkemål, ikkje latin. I 1550 kom Bibelen på dansk, men språkleg blei reformasjonen i Noreg først fullført fire hundre år seinare då Bøkenes bok også låg føre på landsmål. Utover på 1600- og 1700-talet blei religiøse skrifter folkelesnad blant kunnige bønder, og det var gjerne prestane som dokumenterte den språklege kvardagen. Talemålet kom fram i ymse skrifter, frå rettsdokument til folkedikting, og det blei laga mange visetrykk på dialekt. Frå og med 1643 fanst det trykkeri i Noreg, men mellom 1536 og 1814 var det full prentefridom berre i åra 1770–73. Då aula det av skrifter i mange ulike og nye sjangrar, og med innslag av talemål på trykk.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 01.03.2010