Hopp til innhold

1801-1848: Eit norsk språk?

Tidleg på 1800-talet var Noreg blitt ein nasjon av skriveføre. No var ikkje berre lesekunna, men også skrivekunna blitt allmenn. Den demokratiseringa av Noreg som no skaut fart, fekk god draghjelp frå ein skriftkultur som blei allmenn og jamt meir dominerande. Allmugen tok til å skrive seg inn i skriftkulturen, og med det skreiv dei seg også inn i retning av ei demokratisering av kunnskap og samfunn. Ein av hovudvegane til demokrati gjekk nettopp gjennom språket – talt, skrive, trykt.
 
Ei forståing av at noko var norsk og skilde seg ut frå det danske, tok samstundes form. Spørsmålet blei om det danske skriftspråket skulle fornorskast, eller om det burde lagast eit nytt norsk skriftspråk. Mange av debattantane var utolmodige menn i tjueåra: hardingen Laurents Hallager (25), hadelendingen Gregers Fougner Lundh (21), oslogutane Peter Andreas Munch (22) og Henrik Wergeland (24) – og sunnmøringen Ivar Aasen (22). Berre ein av dei gjorde noko med det.


Sist oppdatert: 09.09.2009