Hopp til innhold

1849-1876: Den fyrste gong

Gjennom dei tretti åra som no følgde etter Aasens grunnskrifter, blei landsmålet teke i bruk på felt etter felt. Både då og seinare viste det seg at alle slike nyvinningar utløyser motvilje, reaksjonar, motstand. I 1853 gav Ivar Aasen ut den første boka skriven på landsmål. Berre av religiøse bøker var det då gitt ut minst 3400 titlar på dansk sidan 1550, og ute i dei tusen heimar fanst det tusen på tusen av skrifter på dansk. Særleg viktig blei skulen. Alt i 1850-åra tok lærarmøte landet over til orde for eit meir folkeleg språk i skulen, så elevane kunne forstå undervisninga. Ei ny lov om landsfolkeskulen frå 1860 etablerte skulen som ein verdsleg institusjon, lausriven frå kyrkja sin kontroll. Heilt nye lærebøker gjorde landsmålet til ein del av lesekunna til elevane. Og tanken om eit organisert arbeid for landsmålet vann fram.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010