Hopp til innhold

1877-1895: Kateter, skrivebord og preikestol

Framleis var det som regel enno forbode å bruke det nye språket i praksis. Både lærarar, klokkarar og prestar var sivilt ulydige for å sikre at landsmålsbrukarane fekk sine formelle og reelle rettar. Landsmålet blei kristna, talemåla til elevane slepp inn i skulen og blir verande der, i pressa melder ei rekkje blad overgang til landsmålet, som no blir sunge inn i folkesjela. Jamt fleire miljø av målfolk tek form, jamvel i avisredaksjonar. I 1885 vedtek Stortinget å jamstelle dei to målformene i landet. No er Noreg offisielt ein språkdelt kultur, og frå 1892 må kyrkjelydane og skulestyra ta stilling til denne språkdelinga.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010