Hopp til innhold

1896-1910: Målrørsla gjennom landet

Arbeidet for eit nytt skriftspråk tok form som ei ny folkerørsle. Ut or folkehøgskular, leselag og samtalelag danna det seg ei frilyndt ungdomsrørsle, og det allmenne politiske arbeidet kravde større slagkraft. Mange slutta seg raskt til dei landsomfemnande organisasjonane Noregs Ungdomslag (1896) og Noregs Mållag (1906), som begge bygde på tanken om folkeopplysning. Landsmålet vedrørte dei fleste sider av livet, blei nært knytt til den nye interessa for folkeviseleik og folkedrakter, og viste att i gatebiletet gjennom kaffistover og bondeheimar. No mobiliserte også motstandarane av landsmålet med større tyngd, og enkelte politiske parti tok til å programfeste målpolitiske standpunkt.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010