Hopp til innhold

1911-1929: Ein liten revolusjon

Det nye skriftspråket hadde no vunne plass høgt og lågt i samfunnet, og endringane gjekk fort. I Hordaland og Sogn og Fjordane hadde eit fleirtal av elevane landsmål som hovudmål i 1910, berre 18 år etter at skulekrinsane sjølve fekk velje målform, og kvar tredje kyrkjelyd i landet hadde teke i bruk salmane til Elias Blix. Ved examen artium skulle begge målformene nyttast i skriftleg framstilling, men denne sidemålsordninga gjaldt berre eit fåtal av dei som voks opp. Norskdomsorganisasjonane bygde seg opp på store inntekter frå kaffistovene og bondeheimane, og sette i gang mange nye tiltak. Både i skjønnlitteraturen og på teaterscenene slo den estetiske krafta gjennom. I skjønnlitteraturen var ein ny generasjon landsmålsforfattarar undervegs, og med Det Norske Teatret blei det, frå 1913, ein annan dans på scenegolvet.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010