Hopp til innhold

1930-1954: Vendepunktet

Frå 1929 heitte landsmålet nynorsk. Stortinget vedtok lov om målbruk i offentleg teneste. No var det publikum og ikkje statsforvaltninga sjølv som avgjorde kva målform staten skulle bruke. Samstundes gjorde nynorskbrukarane seg gjeldande på nye arenaer. Det blei laga spelefilm med nynorsk tale, NRK gjorde nynorsk til ein del av kvardagen for radiolyttarane, både forfattarar og teater tok nynorsken til populærmusikken, og teikneserien blei ein nynorsk spesialitet. Då den tyske krigsmakta okkuperte landet, hadde kvar tredje elev i folkeskulen nynorsk som hovudmål. Desse okkupasjonsåra blei vendepunktet. Framgangen for bruk av nynorsk i skulen bråstoppa, og sjølv om målbruken endra seg lite i kyrkja og elles i samfunnet, snudde straumen.


Sist oppdatert: 09.09.2009