Hopp til innhold

1955-1974: Nye vilkår

Prøvesendingar med fjernsyn var i gang. Ein ny organisasjon, Kringkastingsringen, såg til at nynorskbrukarane fekk sin plass også i dette nye mediet. Ei tid var Kringkastingsringen den leiande målorganisasjonen, og til slutt vann miljøet tilslutning i Stortinget for at NRK no måtte byggje ut distriktskontor og ikkje vekse meir i Oslo. Stortinget oppretta også to viktige kulturpolitiske støtteordningar. Både innkjøpsordninga for skjønnlitteratur frå 1965 og pressestøtta frå 1969 blei viktige språkpolitiske reformer. Mange nynorske lokalaviser kom i gang, og ei ny riksavis. I 1957 gav den nye valforskinga informasjon som målrørsla aldri hadde hatt før: Kor mange prosent av vaksne brukte nynorsk? Talet var 12. Skulemålsprosenten var i fritt fall, men berre den.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010