Hopp til innhold

1975-1989: Eit allment språk

Store reformer i norsk skule i 1960- og 70-åra førte til at heile ungdomskulla for første gong skulle bruke nynorsk skriftleg. Ein annan konsekvens var at fleire heldt lenger på hovudmålet nynorsk. Talemåla fekk ein sosial prestisje dei knapt nokon gong før hadde hatt i norsk kulturhistorie. Mange sette ut i livet det nye slagordet til Noregs Mållag: ”Tal dialekt – skriv nynorsk!” Iallfall første delen. Talemålsbruken demokratiserte bruken av skriftspråka og styrkte sjølvkjensla til mange. Først no blei nynorsk eit allment språk i landet, og den språklege toleransen auka, men ikkje meir enn at nynorsk tekst på den nye femtilappen vekte reaksjonar.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 02.03.2010