Hopp til innhold

1990-2005: Haldepunktet

Brått var så godt som alle på Internett. Det gjorde også tekstar på nynorsk meir tilgjengelege enn nokon gong før, men nesten alle statlege nettstader let vere å gjere som Stortinget hadde sagt om målbruk i digital form. I det meste av hundreåret hadde innvandra engelske ord vore eit problem. På slutten av hundreåret blei den nye innvandringa frå ikkje-vestlege land eit problem som fekk heilt andre språkpolitiske svar, men enno var der ein samanheng mellom språkleg og kulturell toleranse. I 2002 blei det offisiell politikk at det fleirspråklege Noreg også skulle bli verande eit samfunn med ein språkdelt norsk kultur. Både forskarar og målfolk sende innbyggjarane i landet inn i det nye tusenåret med nye forståingar av grunnlaget for nynorsk skriftkultur, og ikkje minst av hovudpersonen sjølv: Ivar Aasen.

Først publisert: 09.09.2009
Sist oppdatert: 23.02.2010