Hopp til innhold

Eit språk blir til

INNFØRSLANE I DENNE ANNALISTISKE framstillinga skal vise viktige trekk ved utviklinga og utbygginga av mangfaldet i den nynorske skriftkulturen, korleis denne skriftkulturen steg for steg har vunne nye posisjonar og blitt ein tradisjon og dermed ein av berebjelkane i norsk kulturhistorie.
Annalistisk tyder at stoffet er sortert strengt etter årstal. Ei utvikling eller eit hendingsforløp blir registrert og dokumentert. Annalistiske framstillingar tek i prinsippet aldri slutt; dei er årstalslister utan konklusjonar. Det er vanleg å skilje mellom to slike typar av årstalslister: annalen og krønika. Annalen er svært knapp i forma og sorterer berre hendingar kronologisk. Krønika er ei meir forteljande eller skildrande framstilling som peikar på samanhengar, konsentrert om eit emne. I begge tilfelle er stoffet ordna i ei open form utan forsøk på å få fram årsakene til det som hender. Dette er altså tekstar der lesaren sjølv må stå for konteksten.
 
Dette var den dominerande forma for historisk framstilling i over 2000 år, like til den samanhengande og avslutta forteljinga i form av ei historie tok over i hundreåra etter reformasjonen. Så sentral var krønikesjangeren at delar av denne europeiske historia er blitt kalla krøniketida.
Dette er sjangrar for absolutt orden. Både annalen og krønika er strenge måtar å ordne stoffet på. Dei rettar merksemda mot aktørar, hendingar, handlingar. Dei er tyngde av fakta, og likevel er det meste usagt. Krønika kan såleis skjule den subjektive forfattaren i ei streng, kontant form. Dette opnar samstundes for den subjektive lesaren. I den vanlege historiske framstillinga får lesaren både utvalde fakta og forfattarens tolking av desse fakta. Krønika rommar sjeldan meir enn brotstykke av slike tolkingar frå forfattarens side.
Den som skriv ei vanleg historisk framstilling, har mange måtar å prioritere, framheve og underordne på. Ei krønike er som ein tekst med berre hovudsetningar. Resultatet blir at ein framhevar både det uvesentlege og det vesentlege. Likevel kan ingen slik dokumentasjon utformast utan at forfattaren tolkar inn sine oppfatningar av kva som er viktig, og kva som ikkje har hatt mykje å seie. Det som blir rekna som uviktig, blir verande unemnt. Krønika fragmenterer der historia formar og analyserer samanhengar.
Eit språk blir til er ei krønike om utvikling av den nynorske skriftkulturen etter reformasjonen. Nyare norske krøniker og annalar har med svært lite om det som gjeld nynorsk skriftkultur i vid forstand. Den 1300 sider tjukke Århundrets krønike (1988) manglar heilt stikkord som «landsmål», «nynorsk» eller «språkstrid». I Norges historie i årstall (1997, ny utgåve 2004) av Nils Petter Thuesen er situasjonen noko betre, men dekninga er vilkårleg og lite tilfredsstillande. Innanfor ei nokså strengt avgrensa ramme har Jan Ragnar Hagland fått med mykje i Språkhistorisk årstalsliste (1993, ny utgåve 2002). Somt er også kome med i Jakob Brønnums Kulturhistoriske årstall, norsk utgåve ved Bjørg Vindsetmo (2003).
Det har vore vanskeleg å unngå at det institusjonelle blir framheva i ei annalistisk framstilling som denne. Eg har prøvd å namngi personar, til dømes statsrådar, så langt det er mogleg og føremålstenleg. At det var statsråd Ivar Tveiten som autoriserte Nynorsk Salmebok i 1925 (og det på sin eigen 75-årsdag), har seinast Berge Furre vist var viktig. Altså er det ikkje alltid tilfredsstillande å skrive berre departementet e.l.
Framstillinga er konsentrert om det som må seiast å vere dei viktige hendingane, det som har vore ei nyvinning, det som har fått følgjer. Av plassgrunnar har eg konsentrert framstillinga om det som er viktig, i eit landsdekkjande perspektiv. Blant kunstnarane dominerer diktekunsten, medan biletkunst og musikk har fått lite plass. Derimot har eg prøvd å gi god plass for den breie bruken av nynorsk i allmenta. Enno har eg ikkje funne den første grammofonplata med nynorske tekstar eller den første kino-/tv-reklamen på nynorsk. Kulturindustrien har altså slett ikkje vore så fri for nynorsk som innførslane kan tyde på.
På sin måte viser desse annalane når og korleis nynorsken breier seg og festar seg og vinn tilslutning, men også korleis ein del viktige reaksjonar og mottiltak har teke form og fått sine uttrykk. Innførslane er skrivne som knappe avsnitt i eit tenkt oppslagsverk. Likevel vonar eg det kjem fram kor mange tiltak og uttrykksformer den nynorske skriftkulturen er tufta på.
Hendingar, opplysningar og samanhengar som kan datofestast, står først under kvart år.
 
Frå 1990-åra svulmar årsavsnitta opp. Annalistiske framstillingar er nok gjerne lettast å lage for skrivarens nære fortid og samtid. Kjelder som klipparkivet i Ivar Aasen-tunet og nynorsk.no har gjort det nødvendig å stryke, men også å følgje ein del saker meir detaljert enn før om åra.        
At noko ikkje står her, kan vere fordi eg meiner det ikkje var viktig nok i eit samla nasjonalt perspektiv. Grunnen kan nok like gjerne vere at eg ikkje har visst om det. Slike merknader og alle andre er difor særs velkomne til ottar.grepstad@aasentunet.no.
Framstillinga blir oppdatert ved kvart årsskifte.


Sist oppdatert: 21.10.2011