Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1688

Truleg er det seinast dette året Petter Dass skriv kapitlet «Om and oc Landsbrug» i det verket som kjem ut posthumt i 1739 i to utgåver – Nordlands Bebyggelse (Bergen) og Nordlands Trompet (København). I det kapittelet er 20 linjer nærmast ein klagesong på nordlandsdialekt til han som skriv: «Angaaende mæg og min Grande; / I giære vel at I her grey os den ud / …». Dette er truleg med i den delen av manuskriptet som han har med seg då han kjem til Alstahaug som sokneprest i 1689.

Først publisert: 05.02.2020
Sist oppdatert: 05.02.2020