Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1747

Presten Knud Leem frå Sunnmøre skriv Een liden Glose-bog hvori af diverse Steders dialeic er samledt Norske Ord, Ord-sprog, og Tale-maader … . Manuskriptet blir prenta av Torleiv Hannaas i 1923.

4.9. ligg visetrykket Den Norskie Guutans Glæds- aa Fryds Schaal føre til ei feiring av kong Frederik V av Danmark-Norge og dronning Louise på Frederiksborg slott i København. Visa er skriven på ustø sørvestlandsk av Gerhard Gerdtsen Geelmuyden frå Haus på Osterøy.


Sist oppdatert: 05.02.2020