Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1752

14.6. giftar Annibal Wædel til Wædelsborg og Cathrine Wilhelmin Moltk seg på Herscholm i Danmark. Til bryllaupet er visa Ein skarve Papeer-Lap av Gerhard van der Lith Mow frå Brunlanes trykt, skriven på gudbrandsdalsdialekt.

8.7. giftar kong Frederik V av Danmark-Norge og prinsesse Juliane Marie seg på Frederiksborg slott i København, eit år etter at dronning Louise døydde. Til bryllaupet er visa Johmen Taa Aille Døhloms Frygda-Rop av Gerhard van der Lith Mow trykt, skriven på gudbrandsdalsdialekt.

Først publisert: 05.02.2020
Sist oppdatert: 05.02.2020