Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1761

31.3. giftar Severin Heiberg og Anna Margareta Geelmuyden seg i Bergen. Til bryllaupet er visa Poetæ Somniantis av Peter Sunde, truleg frå Sogn, trykt. Visa er skriven på hordalandsdialekt.

Tvende nye Lystige Viser kjem ut i Stavanger. Trykket inneheld «Reis deg, Britha» og ei vise med førstelinja «Granna vils du høyra Bygdaa», begge på sørvestlandsk dialekt. Mest truleg er begge visene dikta av Kristina Friborg Lund frå Stavanger. Ho døydde i 1761, og visene er dermed skrivne seinast det året. Handlinga i Brita-visa er frå Stavanger, i Granne-visa ei ubestemmeleg bygd. Visene kan også vere skrivne av Jakob Rasch frå Hå. Det er sjeldan at ei kvinne blir tillagd opphav for noko som er skrive av ein mann, medan det motsette har skjedd meir enn ein gong.  

Først publisert: 05.02.2020
Sist oppdatert: 05.02.2020