Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1764

Hans Strøm blir prest i Volda, og med det tek ein lærdomstradisjon som blir ein nødvendig føresetnad for Ivar Aasen, form på Sunnmøre. Strøm gjer teneste her i 15 år og legg det grunnlaget for folkeopplysning som ein av elevane hans fører vidare: Sivert Aarflot (sjå 179718081809 og 1810).

Til bryllaupet for Rasmus Falck og Brita Reimers i Folgerøyhamn på Bømlo ligg visetrykket Om æg kiæme noko seint av Bendt Olrich føre. Visa er skriven på sunnhordlandsdialekt. 



Sist oppdatert: 05.02.2020