Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1774

Kort Underviisning for Begyndere i dei Høy-Tyske Sprog markerer Christian Kølle norske ord med N i ordlista.

29.7. vinn Thomas Breidal ein skytekonkurranse i Bergen arrangert av Det Bergenske Skydeselskab. Ffter-Retninger fra Adresse-Contoiret i Bergen i Norge prentar 15.8. diktet «Te Skaala aat han Fogle-Kongien» til ære for vinnaren. Forfattaren er ukjend, og diktet er skrive på agderdialekt. Dette kan vere første gongen ei avis i Noreg prentar eit dikt på dialekt.


Sist oppdatert: 05.02.2020