Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1777

22.1. blir planen for den danske ordboka fastsett (sjå 17391776). Det blir slått fast at «Provincial Ord og Talemaader, der kunde tiene til at berige Sproget, og som formedelst deris Eftertryk, Nethed og Rarhed udmerke sig, bør også undes et Sted i denne Ordbog». Det same gjeld «gemeene  Ord og Talemaader». I praksis kjem berre dei dialektorda med som alt er skriftfesta i litteraturen. Det fører til at fleire etterlyser meir frå norske dialektar når første bandet ligg føre i 1793 (sjå 17941795).

17.1. giftar Jan Henrich Paludan og Catharina Elisabeth von der Lippe Heiberg seg i Kaupanger i Sogn. Bryllaupet «i går og i dag» er skildra i Strilaregla. Fortæljing om ejt Brudlaup i Sogn, trykt i Bergen, truleg dette året. Visa er skriven på vosse- eller hardangerdialekt. Då far til brudgomen gifta seg i 1727, fekk han eit dikt med ei strofe på hallingdalsdialekt (sjå 1727).


Sist oppdatert: 05.02.2020